Om oss
Sidan starten i 1998 har Jerusalem Forlag vore spesialisert på desse områda.
Det heile begynte med at Hemda Meltvik fekk spørsmål om ho kunne undervisa i morsmålet sitt, hebraisk. Ho takka ja til det, og det heile utvikla seg til undervisning over heile landet. Imidlertid var det lite å velja i av undervisningsmateriell. Løysinga vart å finna ei god lærebok i hebraisk, setja henne om til norsk, og gje henne ut på eige forlag.
Sidan me kom i gang med produksjon, salg og distribusjon, var terskelen litt lågare for å setja i gang med fleire bøker.
Dermed begynte me arbeidet med ordbøkene. Det var ikkje gjort på ein dag, så i mellomtida gav me ut to andre bøker. Etter at ordbøkene kom ut har me fortsett å gje ut bøker og fleire er på veg.
Hebraiskkursa pågår kontinuerleg og me utvida etter kvart med salg av musikk og andre israelske varer.
I 2004 arrangerte Jerusalem Forlag sin første Israelstur med over 20 deltakarar. Det vart ein stor suksess. Seinare vart det fleire turar. Det spesielle er at turane blir kombinerte med hebraiskundervisning.