Israeltur hausten 22

Frå kibbutz til kibbutz og sjølvsagt Jerusalem

Ein tur du seint vil gløyme. Reis med Hemda og Arne Meltvik, frå Jerusalem Forlag

Dato: 11/9 - 25/9, 15 dagar Pris pr person i dobbeltrom: 29800 kroner

Reiseleiarar er Hemda og Arne Meltvik

sma ste reiseleiararjpg

Hemda og Arne Meltvik driv Jerusalem forlag og har arrangert turar til Israel sidan 2004.

Saman har me gitt ut Norsk-hebraisk ordbok, Hebraisk-norsk ordbok og fleire andre bøker.

Me har arrangert mange turar til Israel, og fram til pandemien dreiv me gjestehuset Beit Shalom Zion i Herzliya.

Gjestehuset kjem til å åpna på nytt neste år.

I år lanserer me konseptet kibbutz til kibbutz, som er unikt for oss. På den måten kan ein føla seg som i Beit Shalom Zion, med hus hage og basseng. Det gjer opphaldet til ei oppleving i seg sjølv.

Kontakt Jerusalem Forlag, tlf 95 93 84 28 for påmelding.

jerusalemf@online.no ny logojpg

Dag 1, sundag 11/9.

Me blir henta på Ben Gurion-flyplassen, og set kursen mot kibbutz Ginnosar i Galilea. Her skal me bu i Ginnosar village. Fint og landleg, med masse uteplass, like ved Genesaretsjøen. Middagsbuffeten ventar på oss når me kjem fram. Her skal me bu i 3 netter med halvpensjon.

Dag 2, måndag 12/9.

Etter ein fantastisk frukost har du heile dagen til disposisjon. Du kan bada både i Genesaretsjøen og i bassenget. Du kan gå på museet i kibbutzen og sjå på Jesusbåten, eller du kan ta ein tur til Tiberias, åleine eller med fleire. Magdala og Kapernaum er under 15 minuttars kjøring unna.

Middag om kvelden.

Det vert tilbod om tur til Tiberias, med båttur, dersom det er nok interesserte. Det vil komma i tillegg til turprisen.

Dag 3, tysdag 13/9.

I dag er det tredje dagen vår i kibbutzen i Galilea. Me står opp med sola. Det er tid til ein liten dukkert før frukost. I dag tilbyr me ein tur (mot tillegg), prisen kjem seinare. Planen er å kjøra med buss til Saligprisningsberget, Korazin, Tsfat, Katzrin, Magdala og Yardenit.  (Turen går berre dersom det blir nok interesserte). 
Det er uansett masse å gjera på eiga hand rundt i området. Middag om kvelden.

Dag 4, onsdag 14/9.

Etter 3 dagar ved Genesaretsjøen er me vel fornøgde og har energi til å stå opp tidleg. For i dag skal me nemleg opp til Jerusalem. Me startar dagen med ein god frukost, og startar med tur til Beit She’an og vidare til dei varme kjeldene i Gan HaShlosha nasjonalpark, også kjent som Sachne.

Etterpå reiser me til Nasaret og går til Nazareth Village. Dersom me har tid reiser me innom Tsipori på vegen til Jerusalem.

No er me framme i Jerusalem og kjem til hotellet vårt, Lev Jerushalaim, som betyr hjartet av Jerusalem. Det ligg 50 m frå Ben Yehuda-gata.

Me sjekkar inn på hotellet og går ut og et middag saman. På dette hotellet er berre frukost inkludert. Me bur så sentralt at me kan bruka tida etter eige ønskje. Her skal me bu i to netter.

Dag 5, torsdag 15/9.

Etter frukost på hotellet er det fridag i Jerusalem. Alle kan gå rundt i Jerusalem, i lag eller åleine. Om kvelden samlar me oss på restaurant for å dela opplevingane våre.


Dag 6, fredag 16/9.

I dag skal me til Ein Gedi. Etter ein tidleg frukost på hotellet startar me dagen med eit besøk i Gravhagen. Etterpå kjører me til eit utsiktspunkt og ser utover Jerusalem, før Yad Vashem, (Holocaustmuseet). Me tek lunsj der, for eiga rekning, før me kjører til Qumran. Viss me har tid, kan det bli bading i Dødehavet. Det er fredag og Sabbatskvelden kjem tidleg. Me sjekkar inn og går til middag på Ein Gedi hotell. Her skal me bu i fantastiske omgjevnader, like ved den botaniske hagen. Som regel er det eit eller anna show i resepsjonen fredag kveld etter middag. I Ein Gedi skal me ha halvpensjon fredag og laurdag.

Dag 7, laurdag 17/9. 

I dag er det Sabbat og kviledag. Me skal kosa oss og slappa av. Etter frukost har me dagen til fri disposisjon. Me kan til dømes gå til nasjonalparken, som ligg mindre enn 2 km unna. Det er også spa og fantastisk basseng på hotellet. Middag om kvelden.


Dag 8, sundag 18/9.

Etter at me har kvilt oss i helga, skal me ha tidleg frukost før me reiser ut på ein ny eventyrleg dag. Me begynner dagen i Massada. Viss me ikkje fekk tid til å bada i Dødehavet på fredag, stoppar me for å bada i Ein Bokek. Der kan me ha lunsj og handla Dødehavsprodukt. Vidare kjører me til David Ben Gurion sitt hus i Sde Boker. Viss det blir tid til overs stoppar me i ved Abrahams brønn i Be’ersheva.

På vegen vidare stoppar me ei stund i Yafo for å strekkja på beina og få oss litt mat, før me kjører vidare til kibbutz Shefaiym, der me skal bu i ei heil veke.

 

Dag 9-15, mandag 19 - sundag 25/9

Me skal bu i Shefayim resten av opphaldet. Shefayim ligg like ved Middelhavet. Ein kan gå langs stranda like til Tel Aviv. Til Herzliya er det ca 3 km å gå.

Like ved ligg kibbutz Ga’ash som er kjent for spa, varme kjelder og utebasseng til avkjøling. Her kan du kjøpa middag ved inngangen. Ei fantastisk oppleving.

Ca 10 min kjøring til Netanya, 25 min. til Cæsarea, 25 min. til Tel Aviv.

Tog til Jerusalem tek 35 min frå Herzliya.


Her er berre frukost inkludert. På den måten kan folk komma og gå når det passar dei utan å tenkja på middagen. Det er fleire restaurantar i nærleiken.

På fredag kveld skal me ha middag inkludert, for å feira Sabbaten.

 

Fakta om turen

Turperiode: 11/9 - 25/9     15 dagar

Pris: 29800,- pr person i dobbeltrom.


Turleiarar: Hemda Meltvik og Arne Meltvik


Prisen inkluderer:

Opphald på hotell i delt dobbeltrom.

Kibbutz Ginnosar 11-14/9: Halvpensjon, frukost og middag.

Lev Jerosjalaim 14-16/9: Frukost

Kibbutz Ein Gedi 16-18/9: Halvpensjon, frukost og middag.

Kibbutz Shefayim 18-25/9: Frukost.

Fredag 23/9 blir det Sabbatsmiddag.

Bussturar og utflukter:

11/9: Transfer til frå Ben Gurion til kibbutz Ginnosar.

14/9: Turen til Jerusalem med alle besøk som står i programmet, og inngangspengar.

16/9: Turen til kibbutz Ein Gedi med alle besøk som står i programmet, og inngangspengar.

18/9: Turen til kibbutz Shefayim med alle besøk som står i programmet, og inngangspengar.

25/9: Transfer til Ben Gurion.


Evt. tredje person på eit rom får 1000,- kroner i rabatt.

(Maks 3 personar pr. rom)


Prisen inkluderer ikkje:

Flybillett, flyskatt. (Me kan hjelpa med bestilling.)

Tips til hotell, guidar og sjåførar.

Enkeltromstillegg: Full pris 29800,- (må betala for heile rommet)

Alle måltid som ikkje er nemnde under opphald på hotella.

Mat på turar.

Reiseforsikring med Covid-19 forsikring.

(PCR-test på Ben Gurion er f.t. obligatorisk, ca 300 kroner p.p.)

Eventuelle Ekstrautgifter i samband med Covid-19 før, under og etter turen.

Hebraiskkurs. Pris vert oppgitt ved påmelding.

Lærebok, (kostar 498,-).


Prisen gjeld med dagens valutakursar (US$ 8,5). Me tek difor atterhald om mindre endringar i prisen p.g.a. slike endringar.

Turen kan bli avlyst dersom det ikkje melder seg nok deltakarar (minst 20).

Me tek også atterhald om endringar i pris og program.

Hebraiskkurs         Hemda pa bokmesse mindrejpg

Her i Shefaiym, vil du kunna læra hebraisk med Hemda Meltvik.

Hemda Meltvik, som har gitt ut den første norske læreboka i hebraisk, “Hebraisk på eiga hand”, inviterer deg til hebraiskkurs. Det blir kurs for både dei som kan ein del og dei heilt nye. Hemda er er fødd og oppvaksen i Israel og har undervist hebraisk rundt om i Norge i 25 år. Desse kursa er velkjente i Norge. På grunnkurset lærer du å lesa og skriva. Du får sjå at også du kan læra hebraisk på 1-2-3. Det er fleire og fleire som er interesserte i å læra hebraisk og no er tida kommen.