play
  • Jerusalem ved Jaffaporten
    Go Israel
  • IMG_8512 praying in the Wailing Wall
    Noam Chen Goisrael.com
  • Barmitzvah Jerusalem
    Yonatan Sindel Goisrael.com
  • Shrine of the Book Israel Museum
    Noam Chen, Go Israel
  • Jerusalem
    Go Israel
  • extension of men's prayer area under Wilson's Arch
    Goisrael.com
  • Go Israel
  • Genesaretsjøen sett frå Tiberias
    Go Israel
  • Cæsarea
    Hemda Meltvik
  • Nitsanim Negev
    Go Israel
  • Ørken
    Go Israel
  • Bebudelseskyrkja i Nasaret
    Go Israel
  • Marknad i Jerusalem
    Go Israel
  • Utsikt frå stranda mot Yafo
    Go Israel
  • Solnedgang i Herzliya
    Hemda Meltvik
  • Surfing, Tel Aviv
    Dana Friedlander, Go Israel
  • Jaffa view to the sea 1
    Dana Friedlander, Go Israel
  • Tel Aviv cityscape and shoreline
    Go Israel
  • Kfar Kedem
    Hemda Meltvik
  • Beduinleir
    Rafael Ben Ari Go Israel
  • Tiberias
    Go Israel
  • Jardenit
    Go Israel
  • Jardenit
    Go Israel
  • Mount of Beatitudes
    Tal Glick, Go Israel
  • Tranetrekk Huladalen
    Go Israel
  • Arava, kamelriding
    Dafna Tal, Go Israel
  • Bahai shrine and gardens, Haifa
    Go Israel
  • Hamna i Ashdod
    Go Israel
  • Mosaikk
    Go Israel

Jerusalem Forlag

Sidan starten i 1998 har Jerusalem Forlag spesialisert seg på alt som handlar om Israel, om språket, om landet, turisme, bøker, og israelske varer. Forlaget er unikt. Me har norsk og israelsk bakgrunn, og jødisk og kristen bakgrunn. Det gjer at me kan gi deg kunnskap og informasjon om Israel og hebraisk på beste måte.

Israelsturane er og unike, med ein frisk vri som gir deg høve til å sjå Israel slik jødar og israelarar ser det. 

Det er stadig ny utvikling. Ny kunnskap, nye måtar å sjå Israel på. Du blir berika av all informasjonen du får hos oss.



 

   Israelske varer   

Jerusalem Forlag forhandlar diverse israelske varer. Full oversikt vil du finna i nettbutikken vår.



 Hebraisk-

undervisning


Hemda lærer Norge hebraisk

Hemda Meltvik, som har gitt ut den første norske læreboka i hebraisk, “Hebraisk på eiga hand”, inviterer deg til hebraiskkurs. Det blir kurs for både dei som kan ein del og dei heilt nye. Hemda er er fødd og oppvaksen i Israel og har undervist i hebraisk rundt om i Norge 20 år. Desse kursa er velkjente i Norge. På grunnkurset lærer du å lesa og skriva. Du får sjå at også du kan læra hebraisk på 1-2-3. Det er fleire og fleire som er interesserte i å læra hebraisk og no er tida kommen.


PÅMELDINGA ER I GANG OG PLASSEN ER BEGRENSA

MELD DEG PÅ NO!

Tid og dato er snart på plass.

Det er fleire og fleire som blir interesserte i å læra hebraisk. Og no er tida kommen.

Jerusalem Forlag

boks 189, 4299 Avaldsnes

tlf 52 85 57 91/ 95 93 84 28

jerusalemf@online.no



TLF 95938428 / 52855791

TLF Israel: 00972 58 797 2030


Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya

Herzliya er oppkalla etter Theodor Herzl og ligg midt mellom Tel Aviv og Netanya. Det er ein fin og ryddig by med dei finaste strendene i Israel.

Frå dei mange kaféane på stranda er det berre minuttar å gå til næraste handlesenter i marinaen.

Du skal bu i ein flott villa med stor hage og privat basseng, Her er det plass for alle til å sitja i hagen eller inne eller vera i bassenget. Stor grillplass. 10-15 minuttars gange til stranda. Ta med heile familien, gjerne fleire generasjonar. Om hausten og om våren er temperaturane i Israel som om sommaren i Norge.

Du kan kombinera ferie med hebraiskundervisning dersom du vil. Det blir kurs for både nybegynnarar og vidaregåande.

Det vil bli organisert turar dersom det er interesse for dette. Det blir også arrangert matkurs.


OBS!! No åpnar me for bestilling av rom frå 12.nov. 2017 til 25. mars 2018.

Haust, vinter eller vår. Temperaturar som om sommaren i Norge.

Bu rimeleg og komfortabelt med kort veg til stranda.

I denne perioden er det veldig behagelege prisar.

Minimum ei veke.

Reduserte prisar ved bestilling av lengre opphald.